Velkomen til Rauland Hytteservice





Rauland Hytteservice hjelper deg med alle tenestar du treng som hytteeigar i Rauland.

Rauland Hytteservice held til i lokaler saman med gåve og interiørbutikken Heimil A/S, midt i Rauland sentrum (Krossen).

Rauland hytteservice har åpent kontor alle

kvardagar 09.00 - 16.30, laurdag 10.00 - 15.00.

Utanom kontortid kontakt oss på mobiltelefon. 

RH kan hjelpe deg med tenester du treng som hytteeigar i Vinje/Rauland.

Me utfører tenester som naturleg ligg under det å drive hytteservice, men ynskjer samtidig å tilby tenester som til dømes barnevakt, bord/rom pynting, servering, aktivitetsopplegg med meir.

Inne i interiørbutikken Heimil og på RH sitt kontor er me for tida fire jenter i full sving. Anne ,Marit og Guro stort sett i butikken og Britt som styrer kontoret på RH 

Saman med Jan Tore og Geir, som er henholdsvis snikkar og elektrikar kan me hjelpe med det meste av det du måtte ha behov for.

Om det er noko me ikkje har kompetanse til å utføre, har me eit godt kontaktnett i nærområdet.

Me gledar oss til å høyre frå deg.